Hei 'alle saman'...
Eg er nå i gang med å hekle ein bikinitopp. Det har tatt litt tid å koma i gang. Hadde eg brukt like lang tid på handarbeid som eg bruker på å leite fram maler til bloggen og endre småting i html (eller kva det er...), så hadde eg nok hatt fleire bikiniar nå... Det er utruleg tidkrevjande å drive å endre utsjåande til bloggen heile tida. Eg har jo ikkje peiling på kva eg gjer, og ofte blir det rett og slett ganske feil og stygt det eg gjer.
Bikini, ja! Eg skal altså hekle meg ein bikini.
Bikini!?
6. april 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
6 kommentarer:
Nynorsk??? Du og???
hmmm.... Ja, eg skal jo byrja som lærar på nynorskskule, så eg tenkte eg kunne øve meg litt...
Synes du klarer det bra, jeg! Men husk a-endelsen i infinitiv (f.eks. "øva meg..."), eller det er kanskje lov å bruke e-endelser nå? Får spørre Gunhild.
Trur det er lov. Hugser frå skulen at det var lov så lenge ein var konsekvent.
a-infinitiv og e-infinitiv er likestilt, men ein skal halda seg til ein av delene. (Kløyvd infinitiv er tillete, men det er vanskeleg å halda styr på dersom ein ikkje allereie har dette trekket i dialekten sin.) Eg brukar a-infinitiv, då eg likar å legga meg på eit mest mogleg talemålsnært skriftspråk.
Slik - norsklæraren har uttala seg, så då er den diskusjonen ute av verda ;-)
He he. Jeg som er fra Klepp, holder meg til bokmål
Legg inn en kommentar