Skoene mine er så pene...

20. juni 2007

I helga var eg på jentetur til København med Siri, Hanne og Sidsel. Det var heilt fantastisk! Me åt god mat, var på musikkfestival, bar og kunstutstilling. Ikkje nødvendigvis i den rekkefølgjen... Og me var på shopping. Det var regntid i Køben på lørdag, så me brukte tida i nokre butikkar. Me var så lenge inne i kvar butikk, at me ikkje rakk så mange av dei. Men det gjer ikkje noko. Me var mellom anna inne i ein bruktbutikk i halvannan time! Kvar gong me var på veg ut, fant ein av oss noko som bare måtte sjekkast ut.


I denne bruktbutikken fann eg eit par sko som var heilt fantastisk flotte:






Eg vart litt nysgjerrig på skoa eg kjøpte, kva tid er dei frå, kvar er dei laga? Så eg tok ein kik oppi skoa. Det eg kunne lese ut frå det var at dei er av merket Dorndorf og laga i Vest Tyskland, trudde eg:



Då eg kika oppi den andre skoen, viste det seg at den vart laga i Sveits. Det eg trudde var eit par sko, er tydelegvis ikkje det.



Og så byrja eg å tenkja på Vest Tyskland, altså at skoa då er laga etter andre verdskrig, og at Sveits var nøytrale under krigen, og at skoa ser litt 40-tals ut dersom eg ikkje tek heilt feil, og på ei sigarett-med-munnstykke-røykande kabaretartistkvinne som hadde fleire par av favorittskoa sine slik at ho kunne byta når dei vart for sletne, og, og, og...


Skomerket vart googla. Dorndorf lager framleis sko, men eg fant ingen informasjon om skoa mine og historia dei ber på.

brodering, ja!

18. juni 2007

På leit etter nye utfordringar på handarbeidsfronten, kom eg over denne internettsida: www.brodere.com

Kven har sagt at handarbeid må vera traust og kjedeleg? Det kan vera fantastisk spanande, innovativt, merkeleg, og ikkje minst leikande! Eg vart inspirert til å planleggja å dekorera ting rundt meg med små figurar, hekledingsar og anna finurleg pynt...