skoene mine er så pene... 2

18. mars 2008

Etter ein ny jentetur....eit nytt par sko. Desse skoa er ikkje frå eit skattkammer av ein bruktbutikk. Dei er frå ein ganske så kul skobutikk i eit av dei trendy områda av London. Hi hi... Ingen spanande historie denne gongen. Berre nokre bilete:





"Ny blogg"

20. januar 2008

Kanskje blir eg flinkare til å publisera ting på bloggen min no når han har fått ny utsjånad (?). Skal ikkje vera for sikker, men kanskje eg finn noko å skriva om snart.

Når det gjeld symaskinar, så fekk eg ein splitter ny ein til jul av min fantastiske utkårede. Den er veldig god. Den går jamt, utan å laga merkelege lydar eller lukta svidd! No skal dei gamle maskinane tilbake til sine respektive eigarar, tenkte eg. Treng vel strengt tatt ikkje tre symaskinar i huset. Det er jo faktisk ikkje slik at eg syr meir dess fleire maskinar eg har i hus...

Ein gamal symaskin... eller to?

16. september 2007

Den siste tida har eg vore mest opptatt av å sjå på andre sine bloggar. Eg har funne ein del bloggar om handarbeid. Og der er det så mykje flott å sjå på! Vakre bilete av ting folk syr, hekler eller strikkar sjølv. Min eigen blogg blir bare ein vims i havet (?) samenlikna med desse kunstverka av nokre bloggar. Men men...

Eg har fått heim ein symaskin. Det er ein maskin systera mi fekk av mora til ein venn. Den heiter Elna SU (for SUper), og brukerrettleiinga er på nederlandsk (!) Ikkje berre berre når maskina ikkje vil sy... Problemet var at "de motor draait, maar de machine loopt niet". Men det var berre å skru fast "de ontkoppelingsknop van vliegwiel". Så no er maskina i orden, og alt er berre fryd og gammen! Så det så!

Det skal jo seiast at eg har ein annan symaskin og. Det er mor mi sin. Eg syr jo ikkje meir av den grunn... Mor mi sin symaskin har det utruleg godt i kjellarboden saman med soveposane, fiskestengene og fleire par sko. Og nå har han altså fått konkurranse av ein nederlandsk slektning. Og eg har byrja å sy på ei veske. Spanande prosjekt som eg nok ikkje kjem til å gjera ferdig.

Har forresten planer om å legga ut lenker til dei finaste handarbeidsbloggene eg har funne...

Jupp, takk for no!

Skoene mine er så pene...

20. juni 2007

I helga var eg på jentetur til København med Siri, Hanne og Sidsel. Det var heilt fantastisk! Me åt god mat, var på musikkfestival, bar og kunstutstilling. Ikkje nødvendigvis i den rekkefølgjen... Og me var på shopping. Det var regntid i Køben på lørdag, så me brukte tida i nokre butikkar. Me var så lenge inne i kvar butikk, at me ikkje rakk så mange av dei. Men det gjer ikkje noko. Me var mellom anna inne i ein bruktbutikk i halvannan time! Kvar gong me var på veg ut, fant ein av oss noko som bare måtte sjekkast ut.


I denne bruktbutikken fann eg eit par sko som var heilt fantastisk flotte:






Eg vart litt nysgjerrig på skoa eg kjøpte, kva tid er dei frå, kvar er dei laga? Så eg tok ein kik oppi skoa. Det eg kunne lese ut frå det var at dei er av merket Dorndorf og laga i Vest Tyskland, trudde eg:



Då eg kika oppi den andre skoen, viste det seg at den vart laga i Sveits. Det eg trudde var eit par sko, er tydelegvis ikkje det.



Og så byrja eg å tenkja på Vest Tyskland, altså at skoa då er laga etter andre verdskrig, og at Sveits var nøytrale under krigen, og at skoa ser litt 40-tals ut dersom eg ikkje tek heilt feil, og på ei sigarett-med-munnstykke-røykande kabaretartistkvinne som hadde fleire par av favorittskoa sine slik at ho kunne byta når dei vart for sletne, og, og, og...


Skomerket vart googla. Dorndorf lager framleis sko, men eg fant ingen informasjon om skoa mine og historia dei ber på.

brodering, ja!

18. juni 2007

På leit etter nye utfordringar på handarbeidsfronten, kom eg over denne internettsida: www.brodere.com

Kven har sagt at handarbeid må vera traust og kjedeleg? Det kan vera fantastisk spanande, innovativt, merkeleg, og ikkje minst leikande! Eg vart inspirert til å planleggja å dekorera ting rundt meg med små figurar, hekledingsar og anna finurleg pynt...