Studietur til Beijing

29. april 2007

Her kjem bilder frå Beijing. Heile folkehøgskulen reiste ut på tur aldri sur...

Himmelens tempel



Tiananmen

Tai chi og morgon- gymnastikk i parken

På besøk i denne parken fekk me god kontakt med dei kinesiske pensjonistane som går i her kvar morgon for å trene, leike og vere sosiale.

Her er ei nitti år gammal kvinne i djup konsentrasjon med diabloen...




Lille måltrost... vakker lyd frå fuglar i bur




Matmarknad


Her var det litt å velge i. Eg tok sjølvsagt biltete av det mest ekstreme. Dei hadde vannmelon óg...



Sommerpalasset ein disig torsdag. Her ser ein tydelig resultata av den aukte biltrafikken i Beijing.


På veg ein eller annan stad på ein middels stor veg i Beijing sentrum...

Ein stykk supersøt kattunge har fått ny heim!

24. april 2007

Bianca har fått ny heim her på Bryne. Heile familien gler seg!

Eg har forresten vore i Beijing ein liten tur... Bilde og slikt kjem snart.

Ein stykk supersøt kattunge treng ny heim

8. april 2007

Me har hatt ein av kattungane Paris fekk i desember buande hos oss ei stund lenger enn vanleg. Ho som skulle ha henne kunne ikkje hente henne før etter påske, så Bianca rakk å bli fire månader før ho skulle flytte heimefrå.

Nå er det slik at Biancas nye matmor trakk seg i siste augneblink. Me må derfor finne ein ny heim til henne så snart som mogleg.

Kven kan motstå ein sånn herleg liten (men ikkje så liten) kattunge?




Bikini!?

6. april 2007

Hei 'alle saman'...

Eg er nå i gang med å hekle ein bikinitopp. Det har tatt litt tid å koma i gang. Hadde eg brukt like lang tid på handarbeid som eg bruker på å leite fram maler til bloggen og endre småting i html (eller kva det er...), så hadde eg nok hatt fleire bikiniar nå... Det er utruleg tidkrevjande å drive å endre utsjåande til bloggen heile tida. Eg har jo ikkje peiling på kva eg gjer, og ofte blir det rett og slett ganske feil og stygt det eg gjer.

Bikini, ja! Eg skal altså hekle meg ein bikini.