Den siste tida har eg vore mest opptatt av å sjå på andre sine bloggar. Eg har funne ein del bloggar om handarbeid. Og der er det så mykje flott å sjå på! Vakre bilete av ting folk syr, hekler eller strikkar sjølv. Min eigen blogg blir bare ein vims i havet (?) samenlikna med desse kunstverka av nokre bloggar. Men men...
Eg har fått heim ein symaskin. Det er ein maskin systera mi fekk av mora til ein venn. Den heiter Elna SU (for SUper), og brukerrettleiinga er på nederlandsk (!) Ikkje berre berre når maskina ikkje vil sy... Problemet var at "de motor draait, maar de machine loopt niet". Men det var berre å skru fast "de ontkoppelingsknop van vliegwiel". Så no er maskina i orden, og alt er berre fryd og gammen! Så det så!
Det skal jo seiast at eg har ein annan symaskin og. Det er mor mi sin. Eg syr jo ikkje meir av den grunn... Mor mi sin symaskin har det utruleg godt i kjellarboden saman med soveposane, fiskestengene og fleire par sko. Og nå har han altså fått konkurranse av ein nederlandsk slektning. Og eg har byrja å sy på ei veske. Spanande prosjekt som eg nok ikkje kjem til å gjera ferdig.
Har forresten planer om å legga ut lenker til dei finaste handarbeidsbloggene eg har funne...
Jupp, takk for no!
Ein gamal symaskin... eller to?
16. september 2007
lagt inn av Trine kl 22:18 0 kommentarer
Abonner på:
Innlegg (Atom)